Cinemateket Trondheim

Nattsvermeren


The Silence of the Lambs USA 1991 Regi Jonathan Demme Manus Ted Tally (etter Thomas Harris roman) Musikk Howard Shore Med Jodie Foster, Scott Glenn, Anthony Hopkins 119 min 35 mm, norsk tekst Utleige KF

Gene Hackman kjøpte rettane til boka The Silence of the Lambs, og hadde tenkt å la filmen bli sin regidebut. Han hadde tenkt seg Michelle Pfeiffer i hovudrolla, John Hurt som Hannibal Lecter og seg sjølv som FBI-mannen Jack Crawford. Utvilsamt ein dyktig gjeng, men tvilsamt om dei hadde kapra dei fem store Oscarprisane (beste film, regi, skodespelar, skodespelarinne, manus) slik som Jodie Foster, Anthony Hopkins, Jonathan Demme og Ted Tally gjorde.

Jodie Foster er Clarice Starling, ung FBI-elev som får i oppdrag å intervjue den fengsla kannibalen dr. Hannibal Lecter (Hopkins), i håp om å få opplysningar om og ein psykologisk profil av massemordaren Buffalo Bill.

Filmens handling går på to plan, Clarice sitt forhold til Lecter, og FBI si jakt på Buffalo Bill, to handlingsplan som eigentleg aldri overlappar kvarandre. Det mest interessante er likevel karakterane, rolleprestajonane og regien.

Jodie Foster er glimrande i rolla som Clarice Starling, ein kan lese alle kjenslene hennar utav andletet, og berre det fortener ein Oscar.

Anthony Hopkins presterte óg å vinne Oscar, sjølv om han er britisk og berre er med i filmen i 30 minutt. "Eg las manuset og visste med ein gong korleis eg skulle spele Lecter. Røysta skulle vere ein blanding av Katherine Hepburn og HAL i 2001", har Hopkins sagt. "Berre utsjånaden hans: Glatt bakovergreidd hår, trang dress og bleikt andlete, og kunnskapen om kva han sit inne for gjer han skremmande. Han møtte opp i studio fyrste dagen kledd slik, og det var berre heilt perfekt," sa Jonathan Demme om Hopkins. Han osar av vondskap og intelligens, men samstundes har han ein farleg sjarm som vi som tilskodarar blir overrumpla av. Sjølv om vi likar han, sjølv om han er ein "snill" skurk som vi sympatiserer med, må vi ikkje gløyme at han er galen. Han høyrer på Bach medan han planlegg å ete opp andletet på ein politimann, men samstundes bryr han seg om Clarice. Dette er kanskje det farlige med filmen, vi sympatiserer med ein galen mordar. Vi fell kanskje inn i ettertanke i sluttsekvensen der han seier: "I'm having an old friend for dinner!" og går vekk då rulleteksten kjem. Han er ute igjen, det er skremmande, det finst faktisk slike folk. Folk som reiser hundrevis av mil, drep nokon, og reiser hundrevis av mil heim igjen.

I all denne seriøsiteten må vi ikkje gløyme at dette er ein amerikansk film av den gode gamle sorten. Den er ikkje så veldig valdeleg, den antyder det valdelege istaden for å vise det. Dette gjer regissør Jonathan Demme med utruleg dyktig hand, hans regi er dyster og stilsikker. Han byggjer opp spaning etter ein gamal model, og to parallellhandlingar gjer det berre dobbelt så spanande.

red


Nettverksgruppa [--] rune@nvg.ntnu.no