Panserkrysseren Potemkin
Panserkrysseren Potemkin er en av de desidert største klassikerne i filmens historie. Få filmer har hatt slik tyding for filmkunsten, og få filmer har fått slik merksemd. Filmen har gått fra å bli stempla som elitistisk og uforståelig for folk flest i heimlandet Sovjet, til å bli forboden i ein rekke vest-europeiske land for sitt oppviglariske innhold, for tilslutt å bli hyllla som eit filmatisk mesterverk og omtala i bokverk etter bokverk.
Eisenstein er og en av dei få som er interessant både som filmskaper og teoritikar. Kjerna i teoriene hans er basert på at film i utgangpunkt er fragment av røynda, men gjennom klyppinga kan ein arrangera biletinntrykka på ein måte som gjev råmaterialet både ny form og ny meining. Det er denne ny-arrangeringa Eisenstein kallar montasje. Inspirert av den amerikanske regissøren D.W. Griffith (Birth of a Nation 1915, Intolerance 1916) var det han som utvikla den sovjetiske montasjen lengst. Sjølv i dagens støyande mediesamfunn, med fjernynsflow og musikkvideor med fleire klypp i sekundet er det ei oppleving å sjå filmane hans.
Panserkryssaren Potemkin
er Eisensteins andre langfilm og hans mest kjende. Filmen vart
laga til 20 års jubileet for 1905 oppreisten mot tsaren,
og han er lauslig bygd på historiske hendingar. Handlingen
er sett til Odessa ved Svartehavet der fl-teskipet Potemkin ligg
i hamna. Filmen byrjar med å syne dei umenneskelege forholdene
matrosene lever under og korleis desse leiar til mytteri. Folket
i Odessa stør mytteristane og forsynar dei med proviant.
Men demonstrajonene til stønad for mytteristane blir slegne
ned med soldater. Potemkin hjelper sine allierte på land
og vendar kanonane mot byen og festingssverka til hæren,
noko som får tsaren til å senda heile Admiralflåten
mot dei. Men i staden for ein fatal kamp blir det knytt brorskap
mellom mannskapa på skipa, og det heile endar opp i revolusjonær
glød og framtidsvon.
Guri Kulås