Trondheim Filmklubb

Smoke


Smoke USA 1995 Regi Wayne Wang Manus Paul Auster etter si eiga novelle Auggi Wren's Christmas Story Foto Adam Holender Klypp Maysie Hoy Musikk Rachel Portman Med Giancaro Esposito Jose Zuniga Stephen Gevedon Harvey Keitel Jared Harris William Hurt Daniel Auster Harold Perrineau Deidre O'Connell Victor Argo Michelle Hurst Forest Whitaker Stockard Channing Vincenzo Amelia Erica Gimpel Gilson Heglas Howie Rose Ashley Judd Mary Ward Mel Gorham Baxter Harris Paul Geier Malik Yoba Walter T. Mead Murray Meston Clarice Taylor 108 min 35mm norsk tekst Utleige NFD


På julaftan 1990 las Wayne Wang ei forteljing i The New York Times kalla Auggie Wren's Christmas Story. Wang forelska seg i historia og kontakta skribenten, den akta forfattaren Paul Auster, for samarbeid om filmatisering. Wang og Auster må ha kome godt ut av det med kvarandre for Smoke var ein av dei mest gledelege overraskingane på filmfronten frå USA i fjor.

Hendingane i denne sinnrikt samanfletta historia krinsar alle kring den lokale tobakkskiosken på hjørnet, The Brooklyn Cigar Co, eigaren Auggie Wren og dei faste kundane hans: Det er Auggie sjølv som kvar dag tek eit fotografi av det same gatekrysset utanfor butikken sin. For som han forklarar til Paul Benjamin, "jamvel om det er det same krysset, er kvar dag ulik og eg registrerer utviklinga på mitt lille hjørne av verda". Paul er forfattar med skrivevegring som gjennom kjennskapet til Rashid, ein ung gut som redder han frå å bli overkøyrt på gata, finn tilbake til gleden bak skrivemaskina. Rashid på si side er på jakt etter far sin som forsvann for mange år sidan og som etter ryktene no skal driva ein bilverkstad i nærleiken. Slik vev dei ulike liva seg inn i kvarandre gjennom ein spiral av nye møte som skapar nye situasjonar.

Det er ein type komprimert kvardagsdramatikk som ligg nært såpeopraen si form. Men i "smoke operaen" har dei god tid. Tid til dei små anekdotene og avsporingane som gjev oss nærleik og tillit til karakterane og den lune stemninga av eit fungerande grannelag i midt i ein kald storby. Eit sigarettkjøp hjå The Brooklyn Cigar Co. er ikkje dominert av handelen, men av den historia kunden kan fortelja, eller av den situasjonen som oppstår i møtet mellom karakterane.

Når Auggie til slutt fortel julehistoria si, svarar Paul; "Bullshitting is an art, and you are up there among it's masters". Det er det denne filmen handlar om. Det er sjarmerande små historier som boblar over av forteljarglede og gode karakterteikningar.

gk


Nettverksgruppa [--] rune@nvg.ntnu.no