Baader/Mainhof slo føtene under seg sjølv gjennom verksemda si. Metodane (bombeattentat og finansiering gjennom bankran) og den elitistiske tenkjinga om at nokre utvalde skulle fortelja og føra folk sin kamp, isolerte gruppa frå brei folkeleg støtte. Enno klårare vart dette blant 2. og 3. generasjons terroristane. Baader-Meinof sitt utgangspunkt var i alle høve politisk kamp og det fyrste attentatmålet var militært, nemleg ein amerikansk base i Vest-Tyskland, og grunngjevinga: at det var ein solidaritetsaksjon med folket i Vietnam. Men terrorismen svekka den politiske venstresida og auka oppslutninga omkring staten og det offentlege valdsapparatet - som fekk sterkt utvida fullmakter, kraftigare og tyngre væpning. Verksemda deira vart til hinder for nett arbeidet med å skapa ein opinion mot krigen i Vietnam. I 1977 kuliminerte det i eit yrkesforbod for venstreradikale.
I 1972 vart den indre sirkelen i gruppa, som no kalte seg Rote Armee Fraktion (RAF), pågripen: Andreas Baader, Ulrike Meinhof, Gudrun Ensslin, Holger Meins og Jan-Carl Raspe. Etter tre år i varetekt under streng isolasjon byrja rettsaka mot dei i ein rettsal ved fengslet i Stuttgart-Stammheim. Då hadde Meins allereide døyd av sultestreik. Dei utolelege tilhøva i fengslet kravde enno eit liv. I 1976, midt under prosessen, tok Ulrike Meinhof sjølvmord i cella si. Baader, Ensslin og Raspe vart i 1977 dømde til fengsel på livstid. På hausten same år, den legendariske "tyske hausten", vart dei funnen døde i cellene sine. Etter alt å døma hadde dei teke sine eigne liv etter at fleire freistnader på å frigje dei gjennom utpressing hadde misslukkast. Filmen tek ikkje stilling til korleis dei døde, men gjev inntrykk av at det truleg var sjølvmord. Samstundes er det klart at styresmaktene dreiv dei til dels medvite og kynisk ut i desperasjon og dels let vera å gripa inn mot sjølvmordsplanane som dei måtte vita om.
Neppe noka opprørsrørsle er så grundig dokumentert på film som den Vest-Tyske terrorismen. Både Reiner Werner Fassbinder ,Volker Schlöndorff og Margaretha von Trotta har produsert fleire filmar om temaet. At tyskarane likevel ikkje lett blir ferdige med denne saka fekk Reinard Hauff erfara alt under planleggjinga av Stammheim. Det var vanskeleg å skaffa støtte til filmen, mest økonomisk. Thalia Teateret i Hamburg derimot tende på ideen og dei stilte med både skodespelarar, rekvisita og dekorarbeid. Under lanseringa av filmen ved Berlinfestivalen i 86 (der den vann Gullbjørnen) var det plassert stinkbomber i salen og det kom trugsmål om å stela kopien og skjera sundt filmlerretet, noko som førte til at framsyningane gjekk med uniformskledd politi i salen.
Filmen er ikkje ei skildring av terrorisme, men av prosessen mot RAF og den er basert på rettsutskriftene. Alle replikkane i rettsalen er autentiske. Men filmen omhandlar heller ikkje berre eit "tysk problem". Stammheim handlar om farsmakta sin endelege siger over dei opprørske søner og døtre og i vidare forstand tek den opp spørsmål om i kva mon og i kva form motstand mot staten er tillate, og når den er rett og naudsynleg. Ei utvikling med tendensar av både sosial oppløysing og sterkare overstatleg integrering i tillegg til kamp om knappe ressursar grunna økologisk vanstyre kan atter innan nær framtid gjera desse problemstillingane aktuelle i Vest-Europa.
gk
Stoff henta frå Chaplin nr 205, 1986 og Levende Billeder nr 8, 1986